Cardamine pratensis

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Cardamine pratensis

Cardamine pratensis

  1. norsk: engkarse, melkeblomst, teblomst, tebuske, karseblomst, myrblomst.
  2. dansk: engkarse
  3. islandsk: hrafnaklukka.
  4. svensk: ängbräsma, äkta ängsbräsma, ängskrasse.
  5. engelsk: cuckoo flower, lady's smock, meadow cress, bittercress, bog pink, milkmaids.
  6. tysk: Wiesen-Schaumkraut, Wiesenschaumkraut, Himmelfahrtsblume, Kälberschwanz, Käseblume, Regenblume.
  7. fransk: cardamine des prés, cressonnette.
  • Brassicaceae ( Cruciferae) krossblomstfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: Heile planta. Urta plukkast om våren eller tidleg på sommaren og brukast helst frisk, men kan òg tørkast.
  • Engkarsen blomstrar om våren når gauken kjem att, difor det engelske namnet Cuckoo flower.
  • Bruk: prydplante / medisinplante / krydder
  • Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Engkarse er rik på mineral og vitaminar, særlig vitamin C. Urta inneheld sennepsoljeglykosid, som gjev skarp smak. Engkarse er rekna for å vera appetittstimulerande, fordøyingsfremjande, krampeløysende, hostedempande, slimløysende, urindrivande og stimulerande. Engkarse har vore brukt ved dårlig fordøying, dårleg matlyst, skjørbuk, nyrestein, hoste og astma. Som mange arter i krossblomstfamilien, inneheld også engkarse sennepsoljeglykosid. Urta har difor eigenskapar som liknar dei vi finn hos vanleg sennep. Det høye innhaldet av C-vitamin, askorbinsyre, har gjort at engkarse er brukt mot skjørbuk.

Engkarse kan etast

Blad og unge skot av engkarse kan etast rå, eller kokast som ei grønnsak. Dei er rike på mineral og vitaminar, men har ein bitter og skarp smak som minner om matkarse, om enn litt beiskare. Blada er tilgjengelege tidleg om våren og kan være eit verdifullt bidrag til salatbollen, eller dei kan brukast på smørbrød eller i super og sausar. Også blomster og blomsterknoppar kan etast rå, og har på samme måte som blada ein skarp, karseliknande smak.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Bremness, Lesley: Den store urteboken, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag A/S, 1990. ISBN 82-05-19139-5
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Høeg, Ove Arbo: Ville vekster til gagn og glede, Universitetsforlaget 1985. ISBN 82-00-06321-6
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Normann, E.C. og Railo, S.G.: Norges spiselige planter og bær, Oslo, J.M.Stenersens Forlag AS, 2015. ISBN 978-82-7201-599-1
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Potterton, David: Culpeper´s Colour Herbal, Foulsham & Co. Ltd. 1983 & 1996. ISBN 0-572-02284-0
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5

Eksterne lenkjer




Artikkel under arbeid