Bellis perennis

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Bellis perennis

Bellis perennis

  1. norsk: tusenfryd
  2. dansk: tusindfryd, bellis.
  3. islandsk: fagurfífill.
  4. svensk: tusensköna, bellis, pytter
  5. engelsk: daisy, garden daisy, English daisy, common daisy, meadow daisy, lawndaisy, bruisewort.
  6. tysk: Gänseblümchen, Massliebchen, Tausendschön.
  7. fransk: paquerette vivace, pâquerette.
  • Asteraceae, korgplantefamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: friske eller tørka blomster og blad.
  • Bruk: prydplante, medisinplante, mat.
  • Tusenfryd er i Urtelista frå Statens legemiddelverk klassifisert som ikkje legemiddel og kan dermed omsetjast fritt.

Eigenskapar etter tradisjonen

Slimløysande, hostedempande, urindrivande, sveittedrivande, fordøyingsstimulerande, svakt avførande, mjukgjerande, astringerande, sårheilande, krampeløysande, smertestillande og betennelseshemmande. Tradisjonelt brukt innvortes mot forkjøling, hoste, bronkitt, slim i luftvegane, dårleg matlyst, magekatarr, tarmbetennelsar, diaré, lever- og galleblæreplager, mild obstipsjon, smertefull og kraftig menstruasjon, blærekatarr, atopisk eksem, urinsyregikt, revmatisme.

Utvortes

Har vore brukt utvortes på skrubbsår, kutt, mindre skader, blåmerke, byllar, kviser, utslett, eksem, hudproblem, åreknutar, trøske, tannkjøtbetennelse, munnsår og på såre og tårefylte augo. Tusenfryd har tredisjonelt vore brukt som eit sårheilande middel på friske sår i form av våte kompressar eller omslag, og har i tillegg vore brukt på mindre hudbetennelsar, utslett, eksem, blåmerke og byllar. Plantesaft frå friske stenglar har vore brukt på kviser, og eit filtrert uttrekk av urta har vore nytta som augebad ved såre og tårefylte augo. Sprituttrekk av tusenfryd har vore nytta på kviser, og som munnvask og gurglemiddel ved tannkjøttbetennelse og sår hals. Å tygge på friske blad kan òg verea til hjelp ved munnsår. Eit varmt vassuttrekk av tusenfrydblomster i badevatnet om våren skal kunna friska opp og gje nytt liv til ei vinterslapp hud.

Tusenfryd som matplante

Unge blad, blomsterknoppar og krunblad av tusenfryd har ein behageleg smak og kan etast rå i salatar eller brukast som tilsetjing i super. I folkemedisinen er ei gammal tilråding å eta friske blad i ein vårsalat, sidan bitterstoff i urta stimulerer næringsopptaket. Blomsterknoppar av tusenfryd kan sursyltast i eddik og brukast som erstatning for kapers (Capparis spinosa). På grunn av at plantesafta har slik skarp smak, vil husdyr sjeldan beite på tusenfryd, og insekt vil til vanleg heller ikkje ta for seg av plantene.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Bremness, Lesley: Den store urteboken, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag A/S, 1990. ISBN 82-05-19139-5
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Manson, Arvidh: Den herlige urteboken fra 1628, Oslo, Kolibri forlag, 1998. ISBN 82-90478-90-9
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter Fortæller Historie, Forlaget Kongsvang, 1994. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Potterton, David: Culpeper´s Colour Herbal, Foulsham & Co. Ltd. 1983 & 1996. ISBN 0-572-02284-0
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5

Eksterne lenkjer



Artikkel under arbeid.