Artemisia dracunculus

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Artemisia dracunculus

Artemisia dracunculus

Dracúnculus, latin, liten drake eller orm. Kan koma av dei ormliknande røtene. Professor Knut Fægri skriv, Men opprinnelsen er visstnok et arabisk navn: Tharchun.

Artemisia dracunculus dracunculoides, russisk estragon

  1. norsk: fransk estragon
  2. dansk: fransk estragon, esdragon
  3. svensk: fransk dragon, esdragon, estragon, kejsarsallat
  4. engelsk: French tarragon, true tarragon, dragon´s wort, dragon herb
  5. tysk: Estragon, Deutscher Estragon
  6. fransk: estragon, herbe dragon, armoise âcre
  • Asteraceae (Compositae), korgplantefamilien.
  • Brukte plantedeler: blad, unge toppar.
  • Bruk: krydder / medisinplante.
  • Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.


Det finst to sortar estragon, russisk og fransk. Den første veks kraftig og kan formeirast med frø. Den har ein bitrare og ikkje så aromatisk smak som den franske som har ein mykje finare og meir karakteristisk aroma. Men den franske er meir kravstor og har ein svakare vekst. Dessutan kan han berre formeirast med stiklingar eller ved rotdeling.

Eigenskapar etter tradisjonen

Er appetittskapande og matmeltingstimulerande, mildt urin- og menstruasjonsdrivande, febersenkande. Virkar svakt roande og søvndyssande, men er generelt stimulerande for organismen på grunn av innhald av viktige vitamin og mineral, m.o.a. vitamin A og C og jod.

Mrs. Grieve uttrykkjer det slik, estragon er ein god og trufast ven for hovud, hjarta og lever. Culpeper ( 1616-1654) fortel at eit infus, uttrekk av unge toppar aukar urinmengda og varsamt stimulerar menstruasjonen.

Rotavkok skulle kunna driva ut innvollsparasittar.

Rotavkok vart òg brukt ved hoggormbit. Dei gamle romarane meinte at ein var verna mot ormebit om ein gjekk rundt med ein kvist estragon på seg.

Utvortes

Når ein la rota av estragon mot ei vond tann, lindra det verken.

Om ein togg friske blad skulle dei kurera både tannverk og hikke.

Knuste, friske blad vart brukte på insektsstikk.

Om ein tygg friske blad skal det døyva svoltkjensla.

I middelalderen la mange pilegrimar estragon i skorne i von om å få mot og styrke til den lange vandringa.


Fransk estragon gjev smak til sauce bérnaise og sauce verte.


NB! Estragon bør brukast med stor varsemd av gravide!

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Bergenström, Anna: Annas örtagård, Stockholm, Bonnier Alba, 1995. ISBN 91-34-51345-0
  • Biggs, McVicar & Flowerdew: The complete book of vegetables, herbs & fruit ISBN 1-85626-571-4
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag A/S, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Corneliuson, Jens: Växternas namn, stockholm, Wahlström & Widstrand, 2000. ISBN 91-46-17679-9
  • Culpeper´s Complete Herbal, London, W. Foulsham & Co. Ltd. ISBN 0-572-00203-3
  • Fægri, Knut: Krydder på kjøkkenet og i verdenshistorien, Oslo, J.W.Cappelen Forlag AS, 1966.
  • Grieve, mrs.M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • McVicar, J.: Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • McVicar, J.: Den store boken om urter for kropp og sjel, Oslo, Hilt & Hansteen AS, 2002. ISBN 82-7413-350-1
  • Olesen, Anemette: Krydderurter i hagen, Oslo, J.W.Cappelens Forlag AS, 2006. ISBN 82-02-25035-6
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter Fortæller Historie, Forlaget Kongsvang, 1994. ISBN 87-984854-8-2
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5
Nynorsk