Artemisia absinthium

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Artemisia absinthium

Artemisia absinthium

Absínthium, truleg frå gresk absinthos, bittert men helsesamt

  1. norsk / dansk / islandsk: malurt, betyr møllurt
  2. svensk: malørt, vermut, gråbonde
  3. engelsk: wormwood, absinthe, warmot, wermuth
  4. tysk: Wermutkraut, Absinth, Magenkraut
  5. fransk: grande absinthe, absinthe, herbe d´absinthe
  • Asteraceae (Compositae) korgplantefamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterplante.
  • Brukte plantedeler: blad, toppar med blomster.

Eigenskapar etter tradisjonen

Aromatisk bitter, appetittvekkjande, galle- og menstruasjonsstimulerande, desinfiserande, betennelseshemmande, krampeløysande, mildt antidepressiv. Tidlegare vanleg brukt til å "fordrive børne-, spole- og bændelorm". Vermut kjem av vermis, orm.

Hildegard von Bingen (1098-1179) gav råd om uttrekk av malurt, omsett frå tysk: Drikk dette fastande frå mai til oktober kvar tredje dag, og det vil undertrykkja melankolien i deg, gjer augo dine klåre, styrkjer hjarta og hindrar at lungene vert sjuke. Det varmar magen, reinsar det indre og legg til rette for god fordøying.

Overlege Danielsen nemner Extractum Absinthii i boka frå 1847 som aktuell i samband med leprabehandling.

Utvortes

På skrammer, insektstikk, lus og skabb, hudkløe og såre musklar. Avskrekkande på møll og andre insekt. NB! Do-bukettar. Arvidh Manson skriv i 1628: Malörta vatten dödar löss i huvudet och flatlöss med, om man tvättar huvudet eller annorstädes som det behöves där med.

Skulle òg hjelpe mot lystens begjær.

Vart brukt i absint, saman med kvann, anis og merian. Framleis brukt i vermut og martini.

NB! GIFTIG VED OVERDRIVEN BRUK! IKKJE TIL GRAVIDE, KAN FRAMKALLA ABORT!

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag A/S, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Corneliuson, Jens: Växternas namn, Stockholm, Wahlstrøm & Widstrand, 2ooo. ISBN 91-46-17679-9
  • Danielsen, D.C. & Boeck, C.W.: Om spedalskhed, Christiania, Chr. Grøndahls trykkeri 1847.
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon, Oslo, Universtitetsforlaget, 1976. ISBN 82-00-08930-4
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Manson, Arvidh: En myckit nyttigh Örta-Book, Stockholm, Bokförlaget Rediviva, 1998. ISBN 91-7120-201-3
  • McVicar, Jekka: Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • McVicar, Jekka: Den store boken om urter for kropp og sjel, Oslo, Hilt & Hansteen, 2002. ISBN 82-7413-350-1
  • National Geographic Society: Desk reference to nature´s medicine, Washington D.C. ISBN 0-7922-3666-1
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Danske Klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag A/S, 2001. ISBN 87-11-16243-0
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter Fortæller Historie, Forlaget Kongsvang, 1994. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, Apotheker M.: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Gräfe & Unzer Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5
  • Tobyn, Denham, Whitelegg: The Western Herbal tradition, 2011. ISBN 978-0-443-10344-5

Eksterne lenkjer


Nynorsk