Artemisia abrotanum

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Artemisia abrotanum

Artemisia abrotanum

Abrótanum, guddommeleg, truleg frå gresk abrotos

  1. norsk: abrodd
  2. dansk: ambra, lugteurt
  3. svensk: åbrodd
  4. engelsk: lad´s love, old man, southernwood
  5. tysk: Eberraute, Eberreis
  6. fransk: auron mâle, armoise auron, citronelles, garde robe
  • Asteraceae, korgplantefamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterplante.
  • Brukte plantedeler: alt som veks oppå jorda.
  • Bruk: luktstoff / insektskremsel / medisin / krydder / magisk middel
  • Er ikkje tatt med i legemiddelverkets urteliste

Eigenskapar etter tradisjonen

Appetittvekkjande og matmeltingsfremjande, kunne skræma orm "både den indvendige plagsomme og den på Marken sig bugtende", galledrivande og menstruasjonsaukande, er truleg abortframkallande! Overlege Danielsen nemner i 1847 abrodd som mildt sveittedrivande i samband med leprabehandling.

Utvortes

Antiseptisk, betennelsesdempande og desinfiserande. Skulle stimulera både hår- og skjeggvekst. Kunne driva ut fliser, dempa opphovning og varma forfrosne område. Svært effektivt middel mot møll og fluger. NB! Do-bukettar!

Arvidh Manson skriv i 1628: Fröt aff Åbrodd druckit medh Wÿn är ett besynnerligit Recept emoot all Förgifft, Ormabeet och Scorpions Styng.

Abrodd vart rekna som eit vern mot det meste av vonde krefter, også mot "dårleg og farleg luft". "Luftsmitte" vart hindra med abroddbukettar framfor nase og munn.

Elles brukt både ved parfyme- og brennevinsproduksjon.

NB! MÅ IKKJE BRUKAST AV GRAVIDE!

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag A/S, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Corneliuson, Jens: Växternas namn, Stockholm, Wahlstrøm & Widstrand, 2ooo. ISBN 91-46-17679-9
  • Danielsen, D.C. & Boeck, C. W.:Om spedalskhed, Christiania, Chr. Grøndahls trykkeri, 1847.
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Manson, Arvidh: En myckit nyttigh Örta-Book, Stockholm, Bokförlaget Rediviva, 1998. ISBN 91-7120-201-3
  • McVicar, Jekka: Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • McVicar, Jekka: Den store boken om urter for kropp og sjel, Oslo, Hilt & Hansteen AS, 2002. ISBN 82-7413-350-1
  • Olesen, Anemette: Danske Klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag A/S, 2001. ISBN 87-11-16243-0
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter Fortæller Historie, Forlaget Kongsvang, 1994. ISBN 87-984854-8-2
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5

Eksterne lenkjer

Nynorsk