Armoracia rusticana

Farmasihistorie fagwiki
Revisjon per 21. feb. 2011 kl. 23:07 av Bjarne (diskusjon | bidrag)
(diff) ←Forrige versjon | se nåværende versjon (diff) | Neste versjon→ (diff)
Hopp til: navigasjon, søk
Armoracia rusticana

Armoracia rusticana, synonym: armoracia lapathifolia, cochlearia armoracia

  1. norsk: peparrot, pepperrot
  2. dansk: almindelig peberrod, peberrod
  3. islandsk: piparrót
  4. svensk: pepparrot
  5. engelsk: horseradish, horse-radish,
  6. tysk: Meerrettich, Bauernsenf, Kren
  7. fransk: raifort, cranson
  • Brassicaceae ( Cruciferae) krossblomstfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: rot, rotstokk, stengelknoll, blad.
  • Bruk: Krydder / medisin / trolldom / magi / djevleutdriving / farge
  • Er ikkje tatt med i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Stimulerar blodomlaupet, er varmande og har antibiotiske eigenskapar, er betennelsesdempande, menstruasjon-, sveitte- og urindrivande og mildt avførande, stimulerar appetitt og magesaftproduksjon og hindrar skjørbuk. Finhakka i mat skal ho kunna driva ut innvollsparasittar hjå både menneske og dyr.

NB! Bør brukast med stor varsemd av gravide, av personar med nyreproblem, av personar som tek thyroksin, som har ein svak skjoldbruskkjertel eller tendens til magesår.

Utvortes

Som omslag på frostknutar og ved dårleg sårheiling, på støle og giktiske musklar og ledd. Det vert òg nemnt at peparrot vart brukt på same måten som kamfer i ein klut på brystet ved tette luftvegar. Grautomslag kan diverre føra til blemmer på huda, men kan òg få vonde byllar til å gå hol på!

Arvidh Manson skriv i 1628: Støter man Pepperrot med Eddik og legger på en som har Pestbyller, tar det bort Heten og det Onde. Ei gammal tru gjekk ut på at om ein gnei frø frå peparrota mellom hendene, kunne ein utan risiko gripe om ein hoggorm. Peparrotsaft blanda med salt var eit tradisjonelt middel til å drypa i øyro for å få att høyrsla om ein vart døv.

Peparrot vart òg brukt i samband med djevleutdriving. Ho vart av mange sett på som ei magisk trolldomsurt og som eit generelt tryllemiddel, mest på same måten som alrunen, i tillegg var ho nok mykje enklare å få tak i. Ho kan iallfall bli 50 cm, og om ho treffer på stein eller andre hinder i jordsmonnet, kan ho veksa i interessante former som med litt velvilje kan tolkast i mange retningar, nett som det er tilfelle med den før omtalte alrunen.

Røter og bladverk gjev gul farge til tekstiler.

Litteratur

  • Bruun, Erik & Christensen, Budde: Klassiske legeplanter, Oslo, Aschehoug & Co. 1998. ISBN 82-03-222-45-5
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Naumann & Göbel Verlagsgesellschaft mbH: Das grosse Buch der Hildegard von Bingen, Køln. ISBN 978-3-625-11415-4
  • Høiland, Klaus: Naturens legenede planter, Oslo, A/S Hjemmet, 1978. ISBN 82-7001-535-0
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Lunden, Jens: Medisinske urter - Naturens legende planter, Oslo, Teknologisk Forlag A/S, 1982. ISBN 82-512-0213-2
  • Manson, Arvidh: Den herlige urteboken fra 1628, Oslo, Kolibri forlag, 1998. ISBN 82-90478-90-9
  • McVicar, Jekka: Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • McVicar, Jekka: Den store boken om urter for kropp og sjel, Oslo, Hilt & Hansteen AS, 2002. ISBN 82-7413-350-1
  • National Geographic Society: Desk Reference to Nature´s Medicine, Washington D.C. 2009. ISBN 0-7922-3666-1
  • Naumann & Göbel Verlagsgesellschaft mbH: Das grosse Buch der Hildegard von Bingen, Köln, 2009. ISBN 978-3-625-11415-4
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1994. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5

Eksterne lenkjer

Nynorsk