Anemone nemorosa

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Anemone nemorosa

Anemone nemorosa

  1. norsk: kvitveis, hvitveis, kvitsymre, hvitsymre, sauesymre, geitsymre, geitsemmel, geitsemla.
  2. dansk: hvid anemone, hvidsimmer.
  3. islandsk: skógarsóley.
  4. svensk: vitsippa.
  5. engelsk: wood anemone, European wood anemone, crowfoot, wind crowfoot, windflower, smell fox, European thimbleweed.
  6. tysk: Busch-Windröschen, Weisse Osterblume, Weissen Windröschen.
  7. fransk: anémone des bois, Sylvie.
  • Ranunculaceae, soleiefamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: Overjordiske deler av planta. Når kvitveis i gamle dagar vart brukt medisinsk, var det vanlegaste å bruka knuste, friske plantedeler. Elles er det òg nemnt bruk av både rotstokk og plantesaft.
  • Bruk: medisin, magisk som vern mot orm og sjukdom.
  • Eldre litteratur nemner spesielt at kvitveis brukast mot leprasår!
  • Kvitveis er ikkje nemnd i legemiddelverkets urteliste og er såleis å oppfatta som legemiddel.

Eigenskapar etter tradisjonen

Hvitveis er ei giftig plante som kan irritera hud- og slimhinner. Planta er ikkje brukt i våre dagars urtemedisin, men kunne i tidligere tider vera brukt ved byllar, verkesår, leprasår, revmatiske plager, leddsmerter, tannverk, frostknutar, vorter, fregner, ved altfor solbrun hud og ved vanskeleg heilande sår.

Utvortes

I eldre tid vart uttrekk av kvitveis brukt som eit hudirriterande middel og eit middel til å trekkja ut verk. Det var ei vanleg tru at sjukdom kunne kurerast ved å trekkja "dei vonde væskene" ut av kroppen på ein eller annan måte. Frisk plante vart knust og brukt som omslag på byller og verkesår ved revmatiske plager, leddsmerter og frostknutar, noko som lett kunne medføra kraftig hudirritasjon og sår som grodde seint. Det er fortalt om folk som på 1700-talet med vilje laga slike sår for å sleppa unna militærtenesta. Som regel brukte dei då friske blad som vart hakka opp eller støytte i ein morter, men det vart òg brukt sprituttrekk av kvitveis. Plantesafta skulle elles ha god effekt ved tannverk. Det vart dessutan hevda at ein kunne bli kvitt vorter ved å legga knuste kvitveisblad på dei. Og så rart det enn kan høyrast, kvitveis har også vore forsøkt brukt til å etse bort sår som ikkje ville gro. I middelalderen kunne dette dreia seg om leprasår, seinere òg sår forårsaka av syfilis. I Culpepper´s Complete Herbal frå 1649 står det "The body bathed with the decoction cures the leprosy". Innan folkemedisinen har uttrekk av kvitveis, kalla "anemonevand" i dansk litteratur, vore brukt til å fjerne fregner og til å bleika ei solbrun hud som i tidlegare tider ikkje var oppfatta som vakkert. Slik bruk kunne diverre medføra større skade enn nytte. Ein kan faktisk få blemmer som utviklar seg til sår på hendene om ein er litt for ivrig til å plukka kvitveis, så det er iallfall lurt å vaska seg godt på hendene etter den turen.

Magisk bruk

Kvitveisblomster vart etne som vern. Når det vart sagt at kvitveisomslag òg kunne hjelpa mot hoggormbitt, kan det henga saman med trua på at planta trekte ut det vonde, men det kan òg knytast til den gamle skikken med å eta hvitveisblomster om våren, som magisk vern mot orm. I store deler av Norge, og også i Sverige, har det nemlig vore vanleg at born åt den første, eller dei tre første kvitveisblomstene dei fann, noko som skulle verna dei mot hoggorm og elles halda dei friske gjennom heile sommaren.

NB! Heile hvitveisplanta er giftig, men forgiftninger hos menneske og dyr er likevel sjeldne. Det skuldast truleg at planta har ein lite attraktiv, brennende smak og slimhinneirriterande eigenskapar. Kyr rører sjeldan hvitveisen, medan sau og geit stundom kan forsyne seg.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas store örtabok, Stockholm, 2002, ISBN 91-518-3966-0
  • Culpepper´s Colour Herbal, London, W. Foulsham & Co.Ltd, 1996. ISBN 0-572-02284-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon, Universitetsforlaget, 1976. ISBN 82-00-08930-4
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Phillips, Stuart: Plants in myth, legend, magic and lore, London, Robert Hale Ltd. 2012. ISBN 978-0-7090-9150-9