Allium fistulosum

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Allium fistulosum

Allium fistulosum

  1. norsk: pipeløk, vinterløk, svenskeløk, japansk purre
  2. dansk: pibeløg, forårsløg
  3. svensk: piplök, vinterlök, salladslök
  4. engelsk: Welch onion, green onion, Japanese bunching onion, spring onion, escallion, salad onion
  5. tysk: Winterzwiebel, Frühlings- oder Frühzwiebel, Lauchzwiebel, Jakobslauch, Röhrenlauch, Hohllauch
  6. fransk: ciboule, cive, oignon d´Espagne, chiboule, ail fistuleux
  • Alliaceae, løkfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: blad, blomst, rot og løksaft.
  • Bruk: krydder / mat / medisin.
  • Ikkje tatt med i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Bakterie- og sopphemmande, sårtrekkjande og febernedsetjande, sveitte-, urin-, mjølke- og parasittdrivande, slimløysande, krampestillande og magestimulerande.

Te av tørka rot skulle vera svakt roande, særleg veleigna for urolege born. Rota vart òg brukt ved oppblåst mage.

Utvortes

Pipeløken vart brukt til ein smurning eller eit grautomslag til å trekkja ut puss frå sår, byllar og absessar.

Gammalt svensk sitat om pipeløk: "En tamponad av piplökssaft i näsan renar huvudet och drar ut de råa flegmatiska vätskorna".

Det var i gammal tid vanleg å plante pipeløk på torvtaka, ikkje berre for at det skulle hindra husdyra i å forsyna seg, men like mykje som brannvern, på same måten som takløk og rosenrot.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag A/S, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon, Oslo, Universitetsforlaget, 1976. ISBN 82-00-08930-4
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • McVicar, Jekka: Den store boken om urter for kropp og sjell, Oslo, Hilt & Hansteen A/S, 2002. ISBN 82-7413-350-1
  • McVicar, Jekka:Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-08642-3
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5
Nynorsk