Achillea millefolium

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Achillea millefolium

Achillea millefolium

Millefólium, tusenblad

  1. norsk: ryllik, soldaturt, krydderblom, ølkong
  2. dansk: almindelig røllike, soldateurt, tømreurt
  3. islandsk: vallhumall
  4. svensk: rölleka, röllika, jordhumle, näsgräs
  5. engelsk: yarrow, milfoil, woundwort, nosebleed, soldier´s woundwort
  6. tysk: Schafgarbe, Blutstillkraut, Bauchwehkraut, Tausendblättchen
  7. fransk: mille feuille, achillée, herbe aux militaires, herbe de St. Jean
  • Asteraceae, korgplantefamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: blomst, blad eller heil plante.
  • Bruk: medisinplante / krydder / plantefarging.
  • Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Krampeløysande, samantrekkjande, blodstillande, sårheilande og virkar hemmande på betennelse, driv sveitte og urin, regulerar menstruasjon, fremjar appetitt og matmelting, reinsar blod, senkar feber og blodtrykk, opnar perifære blodkar, kan hindra blodpropp og styrkjer nervane.

Ryllik har gamal tradisjon i samband med djevleutdriving, også til å opna opp for innestengde kjensler og til å opna "det tredje auga".

Utvortes

Salve av knuste ryllikblad og feitt, til sårstell, er kjent frå mange av dei gamle kulturane, frå Kina og Egypt, frå romarar og vikingar. "Støt Ryllik med kokt flesk og lag et plaster av dette", er rådet i Urteboka frå 1628. Hildegard von Bingen (1098- 1179) rår den skadde til å vaska såret med vin og så leggja på eit omslag av nykokte ryllikblad. Friske, knuste blad på sår stoppa blødningen og reinsa såret, også mykje brukt ved naseblod, då vart blad rulla saman til "proppar" og plasserte i naseboret til blodet stoppa. Hudvatn av ryllik brukt mot ymse plager, frå brannsår til liggesår. Uttrekk av ryllik finst framleis i ein del hudpreparat.

Ryllik vert gjerne òg rekna som ei av kvinneurtene, men bør brukast med stor varsemd av gravide. Det same gjeld personar som brukar antikoagulerande eller blodtrykksregulerande legemiddel og epileptikarar.

NB! Det er observert fototoksiske reaksjonar, problem med kløe og eksem, når sollys har fått skina på hud der ein har brukt hudpreparat som inneheld rylliksaft.

Tørka ryllikblad har vore nytta som krydder i t.d. pølser og annan kjøtmat, også ved ølbryggjing som erstatning for humle.

Brukt til plantefarging får ein gule fargar av blomst og grøne fargar av blad.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Bruun, Erik & Christensen, Budde: Klassiske legeplanter, Oslo, Aschehoug & Co. 1998. ISBN 82-03-222-45-5
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Corneliuson, Jens: Växternas namn, Stockholm, Wahlstrôm & Widstrand, 2000. ISBN 91-46-17679-9
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Høiland, Klaus: Naturens legenede planter, Oslo, A/S Hjemmet, 1978. ISBN 82-7001-535-0
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Lunden, Jens: Medisinske urter - Naturens legende planter, Oslo, Teknologisk Forlag A/S, 1982. ISBN 82-512-0213-2
  • Manson, Arvidh: Den herlige urteboken fra 1628, Oslo, Kolibri forlag, 1998. ISBN 82-90478-90-9
  • McVicar, Jekka, Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • National Geographic Society: Desk Reference to Nature´s Medicine, Washington D.C. 2009. ISBN 0-7922-3666-1
  • Naumann & Göbel Verlagsgesellschaft mbH: Das grosse Buch der Hildegard von Bingen, Köln, 2009. ISBN 978-3-625-11415-4
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Danske Klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag A/S, 2001. ISBN 87-11-16243-0
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5
  • Stary & Jirásek: Helbredende planter fra hele Europa, Oslo, Schibsteds Forlag, 1975. ISBN 82-516-0274-2

Eksterne lenkjer

Nynorsk