Wikien er satt opp på bokmål, men der finnes også artikler på nynorsk. Programvaren gjør at det da kan forekomme bokmålsord også på disse sidene. Vi beklager.
Asparagus officinalis
Farmasihistorie fagwiki
Asparagus officinalis
- norsk / dansk: asparges
- svensk: sparris
- engelsk: asparagus
- tysk: Spargel
- fransk: asperge
- Asparagaceae, aspargesfamilien, fleirårig.
- Brukte plantedeler: skòt, rot.
- Bruk: medisin / mat.
- Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.
Eigenskapar etter tradisjonen
Urindrivande, svakt roande og mildt avførande, stimulerar matmeltinga og reinsar ut slaggstoff frå nyrer, urinblære og revmatiske ledd.
Asparges har mykje lenger tradisjon som medisin enn som mat.
Sitat frå 1577: Skud kogt i Viin og indtaget med Eddike og Smør blødgør Maven, renser Brystet og fremmer Urinen.
Nicholas Culpeper ( 1616-1654) skriv, omsett frå engelsk: Aspargesrot kokt i vin klarnar synet, lindrar tannverk, og tatt fastande om morgonan, fleire dagar på rad, friskar ho opp kroppsleg lyst hjå både menn og kvinner, uansett kva enkelte har skrive om det motsette.
Avkok av rot i vin vart òg påstått å kunne kurere leverforstoppelse, gulsott og tarmslyng.
Utvortes
Rota vart altså brukt lokalt mot tannverk, men kunne òg brukast utvortes på andre ømme steder, særleg på den nedre halvdelen av kroppen.
- NB! Bør ikkje brukast av personar med nyresjukdommar!
- NB! Aspargesbær er giftige!
Litteratur
- Biggs, McVicar & Flowerdew: The complete book of vegetables, herbs & fruit, Kyle Cathie Ltd. 2004. ISBN 1-85626-571-4
- Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
- Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag A/S, 1988. ISBN 82-05-17660-4
- Culpeper, Nicholas: Culpeper´s Complete Herbal, London, W. Foulsham & Co. Ltd. ISBN 0-572-00203-3
- Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
- Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
- Olesen, Anemette: Lægeplanter Fortæller Historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
- Pahlow, Apotheker M.: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
- Potterton, David, editor: Culpeper´s Colour Herbal, Foulsham & Co. Ltd. 1983/1996. ISBN 0-572-02284-0
- Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5
Du bør aldri bruka informasjon frå Internett, inkludert Famasihistorie.com, som einaste kjelde til avgjerder eller tiltak i helsemessige spørsmål. Ved legemiddelspørsmål bør du konsultera apotek eller lege, ved helsespørsmål relevant autorisert helsepersonell, og ved dyresjukdom bør du kontakta veterinær. Bruk aldri reseptbelagte legemiddel utan råd frå lege! Søk råd på apoteket ved bruk av reseptfrie legemiddel og naturmiddel, spesielt om du også brukar reseptpliktige medikament. Bruk av fleire legemiddel samtidig kan ha utilsikta effekt.