Wikien er satt opp på bokmål, men der finnes også artikler på nynorsk. Programvaren gjør at det da kan forekomme bokmålsord også på disse sidene. Vi beklager.

Allium ursinum

Farmasihistorie fagwiki

Gå til: navigasjon, søk
Frå venstre: allium ursinum / allium nigrum.

Allium ursinum

Ursus / ursinus / ursinum = bjørn

Vi ser nedanfor, at "rams" går att på mange språk. Dette er eit eldgammalt ord få eller ingen i dag kjenner opprinneleg tyding av. Ivar Aasen skriv i 1873 at Rams = Skovløg, Bjørneløg.

  1. norsk: ramsløk
  2. dansk: ramsløg
  3. svensk: ramslök
  4. engelsk: ramsons, buckrams, wild garlic, bear´s garlic, broad-leaved garlic
  5. tysk: Bärlauch, Ramser, Ramsel, Hexenzwiebel, Wurmlauch, Zigeunerlauch
  6. fransk: ail des ours, ail des bois
  • Alliaceae, løkfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: heil plante, frø, plantesaft.
  • Bruk: mat / krydder / medisin
  • Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Mykje til felles med kvitløk og annan løk: Appetittvekkjande, matmeltingsfremjande, driv galle, urin og innvollsorm, er feber-, blodtrykk-, blodsukker- og kolesterolsenkande, antiastmatisk, slim- og krampeløysande, roande, svakt sømndyssande og smertelindrande, betennelsesdempande, antiseptisk, bakterie- og sopphemmande, reinsar blod og hindrar åreknutar og blodproppar.

Utvortes

Betennelsesdempande og sårheilande, smertestillande, avkjølande, mjukgjerande og sopphemmande, brukt fersk ved fotsopp, munnsår, vondt i munn og hals. Som grautomslag på giktiske ledd, på infiserte sår og ved andre hudproblem.

Litteratur

  • Aasen, IvarNorsk Ordbog med dandsk Forklaring, Oslo, Fonna Forlag, reprod. av 1873-utgåva, 1983. ISBN 82-513-0029-0
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-496-0158-0
  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag A/S, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Forlaget Det Beste: Ville planter i Norge, Oslo, Det Beste A/S, 1993. ISBN 82-7010-231-8
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon, Oslo, Universitetsforlaget, 1976. ISBN 82-00-08930-4
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5
  • Tosco, Uberto: Piante aromatiche e medicinali, Torino, Edizioni Paoline, 1989. ISBN 86-215-0864-1
  • Treben, Maria: Helse fra Guds apotek, Wilhelm Ennsthaler Verlag, Steyr, 1993. ISBN 3-85068-391-5
Nynorsk
Personlige verktøy
prosjekt